Karl Schwarzschild

Karl Schwarzschild (9. oktober 1874–11. mai 1916) var ein tysk fysikar og astronom. Han er mest kjend for det teoretiske arbeidet sitt; og då særskilt for å finna den fyrste løysinga på likningane i den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein. Han er far til astronomen Martin Schwarzschild. Schwarzschild gav bidrag til dei fleste område av astronomien, men er særleg kjent for sine arbeid over fotografisk fotometri, geometrisk optikk, eigenrørsla til stjernene, stellarstatistikk og teorien for strålingstransport. Schwarzschild er òg kjent for viktige bidrag til relativitetsteorien, mellom anna løysinga av Einsteins feltlikningar, som dannar grunnlaget for teorien for svarte hòl. Schwarzschild leidde dei to observatoriuma Göttingen og Potsdam dei siste fem åra før den fyrste verdskrigen braut ut. I 1914 melde han seg for frivillig hærtenesta og døydde to år seinare av ein hudsjukdom han fekk på austfronten. I Tautenburg, ved Jena i Tyskland vart Schwarzschild-observatoriet grunnlagt i 1960. Det er utstyrt med eit 2-meter universalspegleteleskop som i sitt slag er det største i verda. Det har fire forskjellege optiske system og kan mellom anna nyttast som Schmidt-teleskop. Asteroiden 837 Schwarzschilda er namnsett etter han.


Developed by StudentB